Międzymorze

Om

Międzymorze var eit planlagt føderasjons- og forsvarssamarbeidsprosjekt hos den politiske eliten i Polen og nokre av nabolanda i mellomkrigstida, særleg med statsminister Józef Piłsudski som fremste forkjempar. Piłsudski såg føre seg eit nytt “Stor-Polen“, etter modell av Det polsk-litauiske samveldet, der Polen og polsk administrasjonsspråk naturleg nok skulle vere rådande – men der kvar nasjon og folkegruppe skulle halde fram som dei tidlegare stevna.

Międzymorze skulle strekke seg frå Baltikum (og kanskje heilt frå Finland) i nord til Krim i søraust og Balkan i sørvest. Med andre ord ønskte ein å samle heile den vest- og sørs-slaviske (kanskje saman med den ugriske) delen av Europa til ein stor mellomeuropeisk føderasjon. Heile idéen stranda dog på territorielle konflikter mellom det nyoppretta Polen og alle nabolanda sine (men kanskje i hovudsak Tsjekkoslovakia).

Eg er 24 år gammal og studerar Europa og samanliknande politikk på Universitetet i Bergen.

Kommenter innlegget

0 kommentarar so far ↓

  • There are no comments yet...Kick things off by filling out the form below.

Kommenter innlegget