Międzymorze

Propagandafilmar om Georgia

sundag, 31. august 2008 · Éin kommentar

Dagbladet har visst funne det for godt å forsøke å ikkje berre fremje kritikk mot Russiske overgrep. Men det er langt meir underhaldande å sjå til framstillinga av konflikta i land der ho betyr meir for det lokale maktapparatet.

I USA veit Fox News kven som har skulda for krigen i Georgia og er påpasselege med å sørge for at informasjonen om dette kjem ut til folket, men openbart må dei kjempe mot det ossetiske propagandaapparatet, som infiltrerar vestleg media og prøver å sende motstridande meldingar gjennom våre frie og sårbare vestlege informasjonskanalar.

Russarane går fram på eit meir underhaldande vis i denne rustikke informasjonsfilmen om skulddelinga mellom den store Vesten, vesle Georgia og Russland.

Georgiarane prøvar å nå eit vestleg publikum med sakleg og avbalansert faktaframsyning. Noko er ei “blatant lie”, medan noko anna er sant. Og som filmen avsluttar med å vise; ei openbart idiotisk handling (som t.d. å invadere eit område garantert av Russland, på grensa til Russland) kan aldri ha vorte gjennomført. Statsleiarar gjer ikkje dårlege val.

Men russarane vann, det er dei rimeleg bestemte på. Denne filmen er ei lita feiring av den russiske militærmakta, med vakker og taktfast symfonimusikk i bakgrunnen og illustrerande flagg.

Kategoriar: Europe · Russia · Vestleg media
Merka som: , , , , , ,

1 svar so far ↓

Kommenter innlegget