Det er ikkje sjokkerande i det heile tatt at Jonas Gahr Støre støtta(r) Tromsø-OL, sidan han står for ei stor Nordområde-satsing. Det har i det heile vore lite tvil om at regjeringa likte tanken på å legge OL til Nord-Noreg. So kva driv då Jonas Gahr Støre med?
Programredaksjonen i NRK Brennpunkt ser ut til å ha laga endå ein ny “indisie-dokumentar” om Tromsø-OL. Eg har endå ikkje sett han, men i følgje VG kjem det tydelegvis fram her at Jonas Gahr Støre skal ha sendt tekstmeldingar til støtte for Tromsø-OL. Eg er sjokkert, men trur nok eg skal komme over det.
Men kvifor har Gahr Støre bestemt seg for ikkje å ha nokon “erindring om å ha sendt en sms til Børge Stensbøl”? Heile Tromsø-korrupsjonssaka virkar å vere sørgeleg uinteressant, so kvifor kan han då ikkje berre seie heilt klart i frå om at han har støtta OL i Tromsø heilt frå byrjinga av. Spar oss for denne evige gnaginga frå NRK Brennpunkt, kjære Gahr Støre. Kom ut av OL-skåpet ditt!
Kvifor ser NRK Brennpunkt korrupsjon og konspirasjon i alle små saker knytt til OL-søknaden frå Tromsø? Den førre dokumentaren frå denne redaksjonen (“Bak lukkede dører: Spillet om et OL“) laga eit stort oppstyr om at sentrale personar (les: Bjørge Stensbøl) snakka med andre sentrale personar (les: Ivar Egeberg, generalsekretær i Senterpartiet), noko som burde sjokkere ein kvar.
Det var ein dokumentar som ikkje dokumenterte noko som helst, men derimot brukte lyssetting og skumle lydar flittig. Hallo i Uken merka seg óg innhaldsmangelen i dokumentaren i februar, utan at eg gidd finne fram ei lenkje til akkurat det programmet.
Heile OL-prosjektet er i ferd med å utvikle seg til ei kjedeleg farse som penetrerar heile mediebiletet. Særleg søkt vert det når arrangørselskapet går ut i media og anklagar Oslo-idretten for å konspirere mot Tromsø. Det kan gjerne vere at dette er sant, men ved å slenge ut Oslo-kritiske utsegner; utan noko forsøk på bevisføring, fører til at du framstår som bitter og sytete.
Og viss Tromsø 2018 framstår som sytete heilt fram til IOC har fått nok smøreturar til å gje dei den endelege stadfestinga, kjem dei ikkje til å kunne arrangere eit breitt folkearrangement.
0 kommentarar so far ↓
There are no comments yet...Kick things off by filling out the form below.