Monday, 28. April 2008...17:21

Jesus og kroppsbygging

Jump to Comments

Eg har i seinare tid teke til med eit lite sjølvstudium av Bibelen. Det er jo so vanskeleg å finne fat i god litteratur på nynorsk, med mindre ein røyver seg inn på den noko pikante poesien (som eg faktisk nett har røyvd meg inn på og plassert i bokhylla, som mitt seinast tilkomne bokprosjekt for sommaren - eg er ganske spent), so eg tenkte at verdas mest populære bok kunne fylle tomrommet.

Av ein eller annan grunn byrja eg på Lukasevangeliet, og tenkte eg skulle jobbe meg framover derifrå, men det går rimeleg kjapt - nesten litt kjedeleg. Det er jo ikkje akkurat sånn at eg sit i spenning og lurer på kva som skal skje på neste side, og likningane har eg strengt tatt vore gjennom ein del gongar på barne- og undomsskulen.

Luk 1:1-3 - Lukas har ei god innleiing, med ei klår problemstilling
Mange har alt prøvd å gje ei framstilling av det som har vorte oppfylt blant oss,
slik vi har fått det overlevert av dei som frå første stund var augnevitne og tenarar for Ordet. No har eg òg sett meg føre å skriva det ned for deg i samanheng (…)

Godaste Lukas hevdar å ha ønskt å sette desse anekdotane i ein samanheng, men eg tykkjer verkeleg ikkje han har lukkast noko særleg med det. Evangeliet framstår som ei rotete samling av anekdoter, som forhåpentlegvis står i kronologisk rekkefølgje, men det er lite som fortel meg om det er rett.

Marknadsføring
Men Bibelen tek seg litt opp når ein går frå Lukas- til Johannesevangeliet, som er skrive meir som ei fast fortelling og i eit litt meir frodig språk enn den førenemnte. Evangeliet byrjar med eit langt og oppsummerande dikt/salme, som lett kan gje den gode “religiøse” feelingen.

Eg forstår det slik at denne boka er skriven meir i marknadsføringsaugemed (les: misjonering) enn dei føregåande evangelia, noko som kanskje kan forklare den sprudlande skrivestilen til forfattaren. Det er i alle fall ein veldig forfriskande snu etter nokre nattetimar på sengekanten med Lukas.

Bibelstudier fører til nytolking
I løpet av mitt vesle sjølvstudium har eg teke til å samle bibelsitat for å bygge under mi eiga tolking av denne store boka. Her er eit flott eit flott eit, tykkjer eg - poenget er platt, men korleis skal eg vel elles angripe denne bølgja av anekdotar eg har høyrt gong på gong..

Joh 2:18-21 – Jesus om kroppsbygging
Då tok jødane til orde og spurde han: «Kan du visa oss eit teikn på at du har rett til å gjera dette?» Jesus svara: «Riv ned dette tempelet, og eg skal reisa det opp att på tre dagar.» Då sa jødane: «I førtiseks år har dei bygd på dette tempelet, og du vil reisa det opp att på tre dagar?» Men det tempelet han tala om, var hans eigen kropp.

Leave a Reply