Międzymorze

Międzymorze på eige domene

tysdag, 27. oktober 2009 · Kommenter innlegget

Gå heller til www.miedzymorze.com – det er der det skjer

→ Legg att ein kommentar Kategoriar: Uncategorized

EU-borgarar får asyl i Canada

onsdag, 6. mai 2009 · Kommenter innlegget

I 2008 søkte 861 tsjekkarar om asyl i Canada, 84 fekk innvilga - fleirtalet roma-folk. I første kvartal av 2009 har det trappa seg kraftig opp, og tala syner heile 653 søknader om asyl!

Anna Polakova, leiaren for ein romani-språkleg radiokanal i Praha hevdar at det ikkje er dei fattigaste som reiser ut. Det er mellomklassen som reiser ut i frustrasjon over livssituasjonen sin. “Despite all the talk, the fascists are walking down the street,” seier ho i følgje the Economist av 2. mai. Sjølv vurderte ho utreise etter at hennar eigen son vart banka opp av ein gjeng av desse fascistane.

Den ekstreme høgresida marsjerar i Europa
I heile Sentraleuropa opplever ein ei kraftig auke i populariteten til høgreradikale grupper. I ein kronikk i Aftenposten tidlegare i veka skreiv Gabi Gleichmann om veksten til den paramilitære fascistrørsla Magyar Gárda.

“Mannen våkner og oppdager at huset står i flammer. Han vekker gutten, og de løper ut gjennom bakdøren. Men de kommer ikke lenger enn et par meter. For med automatgeværene sine peprer de maskerte mennene mannens og guttens rygg med kuler.”
- Gabi Gleichmann –

Gleichmann kan vise til fleire episodar av brutale drap av vaksne og barn på reint rasistisk grunnlag. I all hovudsak er det romfolk som er offer for aggresjonen, sjølv om organisasjonen nyttar mykje energi på å fortelle omverda at det er jødane som er opphavet til det meste som er vondt og ille.

Lovande framtid for Den europeiske unionen
Den demokratiske tradisjonen sitt langt i frå djupt i Sentraleuropa, og den liberale tradisjonen er vel noko som kjem utanfrå?

“Roma are suffering in many other countries in the region. Hungary has witnessed a spate of especially nasty murders. But the rich, well-governed Czech Republic, which holds the European Union’s rotating presidency, can surely do better.”
- the Economist -

→ Legg att ein kommentar Kategoriar: Uncategorized
Merka som: , , , , , , , , , , , , , , , , ,

Endeleg antisemittisk mat i Bergen!

tysdag, 5. mai 2009 · Kommenter innlegget

fuZion er det nyaste krumspringet til utelivsbransjen i Vaskerelven. Ein flott ny restaurant som har dekt vindauget ut mot Pingvinen (på andre sida av smuget) med ein innandørs foss. Ganske  fanZy!

Kva er dette eigentleg for ein stad? Vi spør Urban Dictionary om kva fu tyder:

short for f**k you.
“Man, I just embarrassed you!”
“FU”

Fuck you Zion! Den første antisemittiske restauranten i Bergen – no garantert utan kocher kjøtt.

For syns skuld: (jf. Monstad 2009)

Gi Kudos til denne saken!

→ Legg att ein kommentar Kategoriar: Uncategorized
Merka som: , , , , , , ,

God vandel i hanseatisk tid

tysdag, 5. mai 2009 · 2 kommentarar

Eg har aldri tidlegare reflektert særleg over opphavet til ordet “vandel”, som syner seg både i omgrepet “god vandel” og i “forvandling”. Med det første omgrepet gjer ein uttrykk for at nokon har ført seg vel og godt, medan ein med det andre uttrykket seier at nokon eller noko har endra seg kraftig – og i følgje den gode ordboka er det óg det siste omgrepet som er nærast opphavet til dette ordet.

vandel | vandel -en (frå lty ‘endring’) framferd, livsførsel plettfri v- / handel og v- dagleg virke

forvandle | ~van’dle v1 (frå lty, sisteleddet smh med vandel) skape om, endre bli som forvandla etter kuren / f- seg

Eg vel difor å drodle med fram til at dette ordet har ramla inn i det norske språket i den godaste Hansatida, og at vi kan lese litt historie ut av det heile. Kvifor seier vi “du har endra deg godt” (les: “god vandel”) når vi skal seie at ein person oppfører seg eksemplarisk? Var det dette unge nordmenn måtte argumentere med når dei ønskte å mønstre på hanseatiske skip i Bergen?

Eg er ikkje lengre ein fiskeluktande fjellbonde – eg har god vandel!

Gi Kudos til denne saken!

→ 2 kommentararKategoriar: History
Merka som: , , , , ,

Røkke og den forsmådde lønsmottakaren

laurdag, 18. april 2009 · Kommenter innlegget

Ein forsmådd lønsmottakar frå Molde set livet til Kjell Inge Røkke i eit interessant perspektiv i Aftenposten i dag.

→ Legg att ein kommentar Kategoriar: Uncategorized

Britisk politikk i EU-parlamentet

tysdag, 14. april 2009 · Kommenter innlegget

Når britiske politikarar ikkje slepp til på heimebane er EU-parlamentet ein fin stad å gje uttrykk for sinne og aggresjon.

(Les meir hos Vox populi)

→ Legg att ein kommentar Kategoriar: Uncategorized

Støre stumtenar hos Hillary og pressekorpset

tysdag, 7. april 2009 · Kommenter innlegget

NRK har publisert ein velfrisert video frå pressekonferansen etter møtet mellom Jonas Gahr Støre og Hillary Clinton. Her blir det ikkje sagt noko som helst interessant, og dei emnene som skulle ha vore interessante å høyre frå eit møte mellom ein norsk og ein amerikansk utanriksminister er fråverande.

Hovudgrunnen til at Støre gjennom heile videoen står som ein oppbyggande stumtenar gjennom heile filmen er nok at Clinton”kun tok seg tid til å svare på ett spørsmål fra norske journalister”, men kvifor i all verda var han der om han ikkje skulle seie noko? For å støtte den amerikanske staten si kondolanse til italienske jordskjelvoffer – utan sjølv å bidra med nokon?

Jonas Gahr-Bondevik
“Med Hillary Clinton vil jeg si det er en form for gjenoppdagelse av hva vi kan gjøre sammen,” sa mannen som frå før av er kjend for ha eit brillefint forhold til sin “kjære Condi“. Det er i ferd med å bli noko veldig Bondeviksk over vår gråhåra utanriksminister, eg håpar ikkje dei røyker sigarar saman, Hillary og Jonas. Kvifor han tykkjer alt ser so mykje betre ut får vi ikkje svar på.

→ Legg att ein kommentar Kategoriar: Uncategorized

Aftenposten identifiserar “anonymt” overgrepsoffer

sundag, 5. april 2009 · Kommenter innlegget

Aftenposten skriv i dag nok ein sak om kvinna som vart overfallen og kidnappa av ein politimann i Spania (les saka her).

Artikkelforfattarane (Braathen, Olsen og Nordstoga) påpeikar at kvinna ønskjer å vere anonym, og det burde vere eit overgrepsoffer sin klåre rett, uansett kven vedkommande er. Likevel presterar journalistane å skrive følgjande:

- (…), sier den norske kvinnen, som for noen år tilbake var kjent på norske TV-skjermer i et populært realityshow, til VG Nett.

Hun vil fortsatt være anonym, siden hun bor på et forholdsvis lite sted i Norge, hvor de fleste kjenner de fleste. Kvinnen, som ferierte på Tenerife (…)

Det burde ikkje vere so vanskeleg for dei som bur på denne “forholdsvis” lille staden i Noreg, “hvor de fleste kjenner de fleste” å identifisere denne kvinna.

Å vere varsam

4.3 Vis respekt for menneskes eigenart og identitet, privatliv, rase, nasjonalitet og livssyn. Framhev ikkje personlege og private forhold når dette ikkje vedkjem saka.
- Frå Ver varsam-plakaten -

  1. Korleis vedkjem det saka at denne kvinna har vore i eit realityprogram, eller at ho kjem frå ein liten stad?
  2. Er denne informasjonen med på å vise respekt for kvinna sitt privatliv?

→ Legg att ein kommentar Kategoriar: Uncategorized

Barack Obama – ein antisemittisk musulmann

fredag, 7. november 2008 · Kommenter innlegget

Eg har nett funne meg ein favorittblogg: http://maalmannen.blogspot.com/

Forfattaren av denne bloggen er ein smått rabiat høgnorskmann. For dei som ikkje er kjende med fenomenet Høgnorsk, kan eg nemne at høgnorskrørsla er ei gruppe på sikkert ikkje meir enn 12 menneske som ønskjer at heile verda skal skrive som Ivar Aasen ein gong gjorde. Dette gjer det noko tungvindt å forstå kva dei skriv (omtrent som å forstå meg når eg skriv, berre ganga med tre). Men når det bakomliggande poenget kjem fram er det storslått underhalding!

Eg tillet meg å sitere Målmannen-bloggen:

“Sume meiner at det faktum at Barack Obama hev utnemnd ein jøde til stabssjef for når han skal flytta inn i Kvitehuset er prov for at han ikkì er antisemitt.

Tafatt provsføring.

Som musulmanmå Barack Obama naudsynleg vera antisemitt. Som president i USA kann han ikkì vera det i det ytre. Men det faktum at han vil dela Jerusalem – og forsvarer ei tvostatsløysing – til fyremun for eit påstått “folk” (palestinarane) som korkì vil hava fred – eller som ynskìr å hava jødarne som naboar, svo kann han ikkì kallast anna.”

Eg bøyer meg ikkje berre, men legg meg og rullar i støvet for denne oppsummeringa av Barrack (bør eg skrive Hussain) Obama sitt hat for den internasjonale jødedomen (bør eg nemne konspirasjon i denne setninga), og lovar med dette å bli ein fast lesar av Maalmannen.blogspot.com!

→ Legg att ein kommentar Kategoriar: Uncategorized

Den naturgjevne norske overklassen

torsdag, 11. september 2008 · Kommenter innlegget

No heng eg litt etter på samfunnsdebatten, sidan eg argumenterar mot fleire månader gamle lesarinnlegg. Men den her utsegna er rimeleg radikal.

“Storaksjonær” Fredrik Nygaard slo (i juli) fast, gjennom ei slåande analyse, at samfunnets natur ikkje tillet rekruttering frå lågare til høgare klassar/sosiale lag.

“Ifølge Flemmen er det bekymringsfullt at det ikke rekrutteres mer fra lavere klasser inn i den økonomiske overklassen, men når han selv påpeker at formuer har en tendens til å gå i arv, er det vanskelig å forstå hvordan han forestiller seg at en rekruttering fra lavere klasser skal foregå.(mi utheving)

Det er fint at kongar har slutta å regjere av Guds nåde, men eg synes det er urimeleg av medlemmer i overklassen å ta den allmektige naturen til inntekt for foreldra sine bokhyller og børsnoteringar.

→ Legg att ein kommentar Kategoriar: Uncategorized